Quantcast
Channel: Preik » Debatt
Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Mobbing ut av skulen!

$
0
0

Lova til trass, det er elevar som blir mobba i skulane våre. Altfor mange og altfor ofte, og det er ikkje greitt!

 

I Norge er retten til eit godt psykososialt miljø lovfesta. Korleis skal me sørga for at alle har det bra på skulen?


«Per kan ikkje lese  – og det er ordføraren sin feil». Formuleringa, som eg har lånt frå ein sentral skulemann her frå fylket, peiker på noko som er vesentleg for at vi skal halde den standarden i skulen som vi ønskjer, nemleg at same kva posisjon du har i skulesektoren, lærar, rektor, kommunalsjef, ordførar, fylkesmann eller minister, så skal arbeidet tene eleven si læring. Skulen, klasserommet og skulevegen er rammene for læringsarbeidet, og når dette ikkje er trygge og bekreftande omgivnader, ja då er det ikkje lett å konsentrere seg om undervisninga. Så når Per ikkje kan lese, og årsaka er at han vert plaga av medelevar, er det framleis ordføraren sin feil?

Dei siste vekene har Bergens Tidende sett fokus på mobbing i skulen. Vi har fått innblikk i triste skjebnar, vi har fått innblikk i kva skulen sine folk både gjer og ikkje gjer for å få rydda mobbing ut av skulen og vi har fått presentert korleis politikarar og byråkratar engasjerer seg og grip inn.

I den norske skulen er retten til eit godt psykososialt miljø lovfesta. Skulen, saman med arbeidsplassen, er dei to stadene der ein har ein lovfesta rett til ikkje å bli mobba. Heldigvis er det ikkje slik at vi plagar og herjar uhemma på andre plassar, men eg legg fram dette poenget for å understreke at med all kunnskapen vi har om skadeverknader av mobbing, så skal ein individuell lovfesta rett vere eit viktig signal og eit viktig vern for kvar og ein av elevane vår.

Lova til trass,  det er elevar som blir mobba i skulane våre. Altfor mange og altfor ofte, og det er ikkje greitt! Så kva er det som gjer at vi ikkje får bukt med situasjonen? Vi har lover og planar, vi satsar på klasseleiing og på trivselstiltak, skulane har visjonar for læringsmiljøet og dei involverer elevar i eit utal opplegg som skal sikre inkludering og eit godt fellesskap. Vidare førast det tilsyn med skulane, det rettleiast i kva lova stiller krav om, politikarane lokalt vedtek sosiale handlingsplanar og ordensreglar og foreldre engasjerer seg i skulen sine rådsorgan. Kva meir kan vi gjere, eller kva må vi gjere annleis?

Tilbake til Bergens Tidende.  I den første samtalen eg hadde med journalisten peikte eg på at lovteksten ikkje berre snakkar om mobbing, men alle former for krenkande ord og handlingar. Tolkinga av ei sånn lovtekst kan lett utarte om ein vel å gå til søkte eller til sjeldne situasjonar som til dømes at ein elev kjenner seg krenka av at lærarane har eige personalrom.

Mitt utgangspunkt her er at det i det alt vesentlege er semje mellom lærarar og elevar om kva som er krenkande handlingar, altså handlingar som er meint for å såre, gjere narr og ramme ein annan person. Men at ein er einige når emnet vert diskutert er ikkje det same som at ein handlar deretter. Elevar vert krenkte på skulen, og det er nokon som krenkar.

Styrken ved å legge vekt på krenkingar i lovteksten er at det gir juridisk tyngde til det ein elles lett kan forklare vekk som spøk og tøv. Om vi vidare legg til grunn at mobbing startar med krenkingar så er det avgjerande viktig at lærarar og alle tilsette på skulen veit kva de skal sjå etter, at dei er einige i kva situasjonar dei skal gripe inn i, og at dei er einige om med kva alvor og haldning situasjonar skal taklast.

Dette er ikkje nytt tankegods for skulefolk, langt ifrå. Eg trur likevel det er grunn til, på alle skular, kvart einast år, å sjå på kor godt ein har fått installert ein felles praksis som sikrar at skuledagen er trygg og god for alle elevane våre.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 10